Nyhet
Matnytt Fjellam frå Ryfylke fikk prestisjefylt og historisk anerkjenning

Fjellam frå Ryfylke fikk prestisjefylt og historisk anerkjenning>

"Dette er ein historisk milepæl! Eg er stolt over å kunngjere at Fjellam frå Ryfylke no har status som Beskytta geografisk nemning. Det er første gong eit produkt frå Ryfylke får denne anerkjenninga", sa landbruks- og matminister Pollestad under opninga av Gladmatfestivalen i Stavanger.

 

 

Tildelinga av Beskytta geografisk nemning til Fjellam frå Ryfylke skjedde på opninga av Gladmatfestivalen i Stavanger onsdag 26. juni. F.v. Nina Sundqvist frå Stiftelsen Norsk Mat, landbruks- og matminister Geri Pollestad, Åshild F. Øye, Ingvild Hovind, Magnar Østerhus og Anne Skartveit - alle fra Fjellam frå Ryfylke.

 

"Dette er òg ein stolt dag for Ryfylke. Dette stadfestar den unike og lange historia og den flotte kvaliteten på lammekjøtet som kjem frå desse fjellområda. Fjellam frå Ryfylke er eit bevis på kva svært godt arbeid over lang tid og naturens gåver kan skapa saman", heldt statsråd Pollestad fram.

 

Fjellbeite gir svært god smak

Fjellam frå Ryfylke er kjend for førsteklasses kjøt. Lamma beitar minst åtte veker på næringsrike fjellbeiter over 500 meter i Ryfylkeheiane og blir leverte til slakting så snart som mogleg etter sanking, seinast 1. november. Dette gir kjøt med god smak og høg kvalitet.

 

Området dekkjer Ryfylkeheiane, inkludert kommunane Hjelmeland, Sandnes, Sauda, Suldal, Stavanger og Strand i Rogaland, samt mindre fjellområde i Ullensvang i Vestland, Bykle og Sirdal i Agder og Gjesdal i Rogaland.

 

"Me i Fjellam frå Ryfylke er stolte og takknemlege for at arbeidet produsentane våre legg ned i den tradisjonsrike heiadrifta blir påskjøna med Beskytta geografisk nemning! Det offentlege kvalitetsstempelet stadfestar at råvarene våre er unike, samstundes som det forpliktar oss til å levera eit berekraftig kvalitetsprodukt", sa Anne Skartveit som er styreleiar i Fjellam frå Ryfylke.

 

Viktig for å bli ein matnasjon

Den høge kjøtkvaliteten skuldast gode beiteforhold og dyktige sauebønder. Målretta avlsarbeid har tilpassa sauene til beiteområda og sikra god dyrehelse. Nøye utval av lamma ved slakting gir jamn og høg kvalitet.

 

"Dette er ein av våre finaste råvarer og frå eit av våre vakraste område. Sjølvsagt skal Fjellam frå Ryfylke ha Beskytta geografisk nemning på lik linje med Sider frå Hardanger og Tørrfisk frå Lofoten. Beskytta nemningar er eit av dei viktigaste grepa vi har for verkeleg å bli ein matnasjon", seier administrerande direktør i Stiftelsen Norsk Mat, Nina Sundqvist.

 

Lang historie med sau i Ryfylke

I Ryfylke har det blitt halde husdyr heilt tilbake til steinalderen for 4-5000 år sidan. Sauen var eit nyttig husdyr, for den hadde mykje å gi i sjølvbergingshushaldet – ull, skinn, kjøt, talg, mjølk og gjødsel. Rogaland har i nyare tid vore det mest sauerike fylket i landet. Gjennom mange tiår har kvar femte sau i Noreg heldt til i Rogaland.

 

 

 

Kva er Beskytta nemningar?

Arbeidet med Beskytta nemningar og "Fjellam frå Ryfylke" har pågått over fleire år og krava til dokumentasjon er strenge. Søknadsprosessen er omfattande og krev ofte samarbeid mellom fleire interessentar, inkludert produsentar, myndigheiter og fagorgan.

 

Det krevst omfattande dokumentasjon av mellom anna produktets opphav, geografiske produksjonsforhold og produktets kvalitet.

 

Føremålet med Beskytta nemningar er:

 

Større matmangfald og auka verdiskaping ved å stimulera til regional og lokal matproduksjon.

Sikrar forbrukaren påliteleg informasjon om produktets geografiske tilhøyrsle, tradisjon og særmerkte kvalitetar.

Ta vare på norske tradisjonar og sikra norsk matkultur for framtida.

I Noreg har vi per i dag 34 produkt med slikt vern, sjå meir på 

beskyttedebetegnelser.no

 

 

Det er Mattilsynet som foretar endeleg godkjenning av ein søknad om vern medan Stiftelsen Norsk Mat administrerer ordninga og har nasjonalt ansvar for informasjon og marknadsføring av merkeordninga.

 

Tildelinga av Beskytta geografisk nemning til Fjellam frå Ryfylke skjedde på opninga av Gladmatfestivalen i Stavanger onsdag 26. juni.

 

Stiftelsen Norsk Mat er en uavhengig stiftelse og vårt formål er å styrke konkurranseevnen til norsk matproduksjon. Dette gjør vi gjennom å arbeide med kvalitetsstyring og kompetanseutvikling i norsk matproduksjon og synliggjøre opprinnelse og kvalitet på norske matprodukter.

Våre kjerneområder er merkeordningene Nyt Norge, Spesialitet og Beskyttet Betegenelse og Kvalitetssystemet i landbruket.

 

 

Kontakt oss

  • Tømmerbakkevei 19
    1453 Bjørnemyr

  • 958 20 667

  • hilde@appetitt.no

  • @appetitt

  • Motta vårt nyhetsbrev